mandag 8. august 2011

Tilbake til barndommen...

Eg fann nokre klede på golvet i stova. Kvar er eigaren av kleda?
Kven slenger frå seg kleda midt på stovegolvet?Det logiske ville vore om han låg på sofaen og sov; men nei...
Eg sjekka soverommet. Der låg ei søvnlaus jente i senga ved sidan av mora si, og lurte på dei same tinga som meg...

Ikkje sat han i godstolen på stova og slappa av heller...
Eg flytta fokus til kjøkkenet i etasjen under.
Kanskje hadde han blitt svolten og trengte nattmat!? Men nei...

Så kom tanken; kvifor har eg ikkje sjekka badet!?
Og riktig, der i badekaret låg mannen som hadde slengt frå seg kleda... Han hadde riktignok gløymt å ta skoa av, men kanskje likegreit når beina stakk utfor badekarskanten...Moro når tantungane får bestemora til å finne fram dukkehuset som mora deira hadde leika med på 70-talet.

fredag 29. juli 2011

Sommer sa du!?

Når sommeren svikta ute, gjeld det å gjer nokke kjekt inne i stedet. Som f.eks å finne fram symaskina og nokre gamle kle som kan bli til nye...

Med hjelp av ei saks og ei symaskin, så vart gammalt til nytt...
Ein gamal bluse vart til ein kjole/topp til ei lita jente.
Ei gammal bukse vart til ei bukse til ein liten gut.Den heimesydde bamsen måtte stille som manekeng for buksa...

Ha en fortsatt fin sommer! :)

torsdag 7. april 2011

Tid for mat...

Da var det på tide å presentere nokre fleire middagsrettar elevane mine har bestemt eg skulle lage.

Det første eg laga var kylling-fajitas;Ein skikkelig deilig middag! :)
Neste rett ut var den samiske retten bidos. Hadde dårlig tilgang på skikkelig reinkjøtt, så det vart reinskarv i staden.Måtte finne fram den samiske nålputa frå farmor for å få litt stemning.

Ein god rett, men hadde nok blitt endå betre med skikkelige kjøtbitar. :)

Så var det tid for "fisk er sunt og digg" igjen....
Fiskelykka var ikkje på plass denne dagen, men heldigvis finst det fisk i frysedisken på butikken...Ei skikkelig god fiskesuppe! :)Etter jordskjelv og tsunami, og mykje fokus på Japan i media i det siste - var det også på tide å prøve seg på sushi... Den såg no i det minste litt fin og god ut...Meeeen..... kan avsløre at det kanskje ikkje er noko eg vil lage fleire gongar....

lørdag 19. februar 2011

Fisk er sunt og digg....

... er vel egentlig "frukt er sunt og digg" det heiter i reklama, men fisk er også sunt og digg.

Har prøvd ut dei tre andre rettane elevane mine valgte ut at eg skulle ha til middag den siste veka. Den eine retten laga eg faktisk to dagar på rad! :)

Fredag var det "Torsk i ovn" som sto på menyen.
Ingrediensane er på plass:Det ferdige resultatet etter ein tur i ovnen...
Servert med ris vart dette kjempegodt!

Mandag var det "Pirat pizza" som skulle testast ut.
Må innrømme at eg var ein smule skeptisk til fisk på pizza....Slik såg den ferdigstekte pizzaen ut.
Og den er absolutt til å anbefale!
Var så godt og kjapt å lage at eg måtte lage det på tirsdagen også!!!

Til slutt var det fiskesuppe med fiskepudding og reker i som skulle testast ut.
Eg er ikkje noko suppemenneske, men sjå på denne da:
Skikkelig god var den! :)

Så er nok ikkje siste gong eg lagar desse rettane her. Og anbefalar deg også til å prøve dei ut! :)

torsdag 10. februar 2011

En annaleis burgeropplevelse...

Idag fekk elevane mine i oppgåve å velge ut ei oppskrift i eit hefte om fisk, og rekne om ingrediensane slik at det passa for ein person i staden for fire... For å gjere dei litt meir motiverte sa eg at dei skulle skrive oppskriftene dei no fekk på eit ark til meg, slik eg kunne lage det til middag. Vips så var middagen for 4 dagar planlagt for meg!

Måtte ta loddtrekning for å bestemme rekkefølga på middagane, og idag var det lakseburger som vart trekt ut til å stå på menyen, og her ser du resultatet:

Ingrediensane klare for tilberedningaLaksedeigen klar for å blandast (100g finhakka laksefilet/kotelett, 1/4 ts salt, 1/4 ts pepper, 1/2 ss grasløk, 1/2 ts potetmjøl, litt sitronsaft)Burgeren vert stekt (ca 2 minutt på kvar side)Ferdig tilberedt med lunkne burgerbrød, salat, agurk, tomat og rømmedressingOg JA, lakseburger var fantastisk godt! Anbefalast!
Eg kjem til å lage det igjen! :)

torsdag 23. desember 2010

God jul...

No har eg vaska golvet og eg har bore ved og eg har satt opp fuggelband og eg har pynta tre...

Vel, en sannhet med visse modifikasjonar kanskje.

Eg har i alle fall laga litt julekaker og vaska og pynta til jul!

Med mormors gamle kromkakejern...
og mammas kromkakekrummar...fekk eg laga kromkaker i ulike fargenyansar!Med kransekakebunn...piska fløte med smelta sjokolade i...dyppa i sjokolade...vart det deilige sara bernard-konfekt!No er gavene pakka inn...treet pynta...
og julestemninga er på bordet!
Eg vil med dette ønske alle som måtte lese denne bloggen:
EI VELSIGNA GOD JUL OG EIT GODT NYTT ÅR!

søndag 12. desember 2010

heimelaga er best...

Pizza, brød, rundstykker, pikekyss, saft, pepperkaker... heimelaga er best!

Kan nyplukka blåbær og minipannekaker friste?
(då må du dessverre vente ei stund sidan det er smått med blåbær ute no...)
Kva med heimelaga pikekyss?
Eller heimelaga ripssaft?Eller pizza?
(Trampoline klassemaskot tek imot bestilling...)
Eller pepperkakehus pynta med lag på lag med nonstop og seigemenn?
Ha ei fin adventstid vidare med mykje heimelaga godt!

lørdag 30. oktober 2010

tida går...

Skammeleg lenge sidan sist eg skreiv her no. Beklager til alle som har vore innom i forhåpning om at det har komt ei oppdatering...

Men her kjem nokre glimt frå kva som har skjedd dei siste månadane:

Huset må Giske har blitt tømt, og mamma arva nokre soveromsmøblar som eg sa eg ville pusse opp for ho. Lite ante eg om kor mange timar eg ville bruke på dette arbeidet, og er ikkje heilt ferdig med alle møblane enda...

Før - ganske so slitt og klar for en puss...
Undervegs - ein del sparkling måtte til på desse flekkane som vart etter eg hadde skrapa av laus maling...
Etter - resultatet var ganske greit når dei hadde fått eit til strøk etter dette bildet vart tatt

Eg er framleis lærar, og her ser du nokon blinkskot som eg har fått tatt i arbeidstida. Skal leite lenge etter finare omgivelsar til ein skule! :)
Ein heilt vanleg dag på jobb - nydeleg på tur i Sandvika
Ein annan dag var vi ute og laga smør ved å riste fløyte tilsatt litt salt i eit glas


Har også begynt å prøve fiskelykka.
Vart litt irritert på denne stakkaren som hoppa av kroken i sjøkanten, for å ligge der å dø...
Men kameraten hans smakte utruleg godt til middag sånn ca ved midnatt ein laurdags kveld!
I haustferien var eg ein tur til Oslo.
Og der tok eg dette "blinkskotet" av eit haustbilde.
Overlet til fantasien din å tenke kva dei brune kulene er...

Ha ein fortreffeleg haust vidare!
Snart kjem vintaren.