onsdag 19. juli 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #200

Eg må dessverre meddele at legomannen har forsvunne sporlaust. Siste sikre observasjon er dette bildet frå mandag som vart tatt ved Seilmerket:
I går fekk eg ein standin til å bli fotografert for å vise ein skuffa legomann som ikkje fekk vere med på tur. 
 Ikveld har ein gjeng med legomenn gått manngard ut mot Seilmerket i håp om å finne legomannen. 
Men det einaste vi fann var forstørrelsesglasset som låg på asfalten rett ved der bilen sto parkert på mandag. 
At forstørrelsesglasset låg der støtter teorien min om at legomannen forsvann ut av lomma mi idet eg tok bilnøkkelen ut. Men no var det altso berre forstørrelsesglasset som låg att på asfalten. 
Ingen legomann. 
Så er spørsmålet; Er dette slutten? Eller skal ein av dei som var med å gå manngard få overta rolla som "the legoman"? 

Ingen kommentarer: