tirsdag 25. mai 2010

berre skrot, eller...

Skrot, tenkte tantene. Gull, tenkte Oddveig.

Dei siste to månedane har eg brukt mykje tid i mormors hus. Det er i ferd med å tømmast.
Dessverre.
Det har vore den plassen eg har nytt mest å kunne reise til.
Huset med mange gode ferieminner.
Huset der eg har kunna slappa heilt av, og kobla ut omverdenen.
Huset der eg har kunne bladd i mormor og morfar sine gamle andaktsbøker og sangbøker, og sett kva som har betydd mykje for dei opp gjennom åra. Snart er mulighetene for å reise dit borte.

Men. Prøver å ta vare på dei gode minna.
Ei hjelp der er å ta vare på nokre av tinga...
Og akkurat det er eg ganske så flink til.
"Skrot tenkte tantene. Gull, tenkte Oddveig" er vel ganske dekkande for det som har skjedd den siste tida. Så leiligheta mi har blitt fylt opp av ganske mykje gammalt. Endelig har eg den gamle stilen eg ønsker meg i leiligheta, og det fine er at prislappen er kun kr 300,- i leige av en henger for å frakte nokken av tinga :)

Her skal du få sjå litt av det som eg har sett på som gull:
koselige gamle kjøkkenting

en lampe, et fat, serviettringa og glas

klar for besøk

ei gammal klokke (som kima litt for høgt til at eg tørr å la den gå),
et 3D-kamera fra 50-talet og fotoapparat fra ca 1920

en gammal slitt benk vart en ganske så perfekt tv-benk syns eg

og alle desse gamle bøkene er rett å slett berre fine i hylla

men det står sikkert mykje lurt i dei også :)


En haug med skrot, eller gull?
Eg veit vertfall at det er ting som gjer at eg smiler når eg kjem inn i stua mi. :)

Ingen kommentarer: