8 veker til å gjere alt eg elles ikkje rekk å gjere.
som for eksempel å stikke på besøk til venninner og bli inspirert til å begynne å sy...
sist veke var eg på besøk hos Ingrid som hadde sydd ei søt bukse til sønnen sin - og måtte rett heim og bestille boka ho hadde funne oppskrifta i.
ikveld har eg funne fram symaskina til mormor og testa om den virka - og ja, det gjer den!
har også funne fram ein stabel med gamle dongeribukser, så får vi sjå kva dette kan bli til etterkvart! :) håper å kunne oppdatere bloggen med bilde av noko eg har sydd om ikkje så altfor lenge :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar