mandag 12. juli 2010

ikkje akkurat sikk sakk...

...det let seg nemleg ikkje gjere å få til på ei gamal sveivesymaskin, men rett fram syr den i alle fall.

og no er eg ferdig med det første syprosjektet mitt som er sydd av ei dongeribukse og eit skjørt.

siste finish på verket:
og resultatet:
ein kjole/topp til ei lita jente

Ha ein fortsatt fin sommar! :)

tirsdag 6. juli 2010

lang sommerferie...

i år har eg noko så sjeldan som 8 veker ferie midt på sommaren! fint å være lærar må eg seie! :)

8 veker til å gjere alt eg elles ikkje rekk å gjere.
som for eksempel å stikke på besøk til venninner og bli inspirert til å begynne å sy...
sist veke var eg på besøk hos Ingrid som hadde sydd ei søt bukse til sønnen sin - og måtte rett heim og bestille boka ho hadde funne oppskrifta i.
ikveld har eg funne fram symaskina til mormor og testa om den virka - og ja, det gjer den!
har også funne fram ein stabel med gamle dongeribukser, så får vi sjå kva dette kan bli til etterkvart! :) håper å kunne oppdatere bloggen med bilde av noko eg har sydd om ikkje så altfor lenge :)