søndag 30. april 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #120

Legomannen slapp heldigvis fri og har feira friheten med å snike seg med på kino idag... 

lørdag 29. april 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #119

Det vart full dramatikk då legomannen fekk vere med i konfirmasjon idag. 
Han sto midt i veien då ein politibil kom køyrande imot han. 

Politiet såg noko vi ikkje har sett... 
Legomannen viser seg å vere ein rømt fange og vart satt i handjern og arrestert... 
Korleis dette går gjenstår å sjå. Vil legomannen bli satt fri så vi kan følge han vidare? 

fredag 28. april 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #118

Legomannen passer på at oppladinga til morgendagens konfirmasjon går som den skal. 

torsdag 27. april 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #117

Legomannen fann ein pose med frø til reddiker og lurer på når eg har tenkt å så dei... 

onsdag 26. april 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #116

Legomannen har høyrt at hestehov er eit vårtegn, men er hestespor også det? 

tirsdag 25. april 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #115

Legomannen hørte rykte om at det hadde komt knoppar på nokon av chiliplantane, det måtte sjølvsagt inspiserast... 

mandag 24. april 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #114

Legomannen skjønner virkelig ikkje kva som skjer. Han trudde eg skulle plante stemorsblomster i krukkene idag, men kva fann han der? 

søndag 23. april 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #113

Sjølv om det er mørkt, 
er det framleis litt lyst. 
Sjølv om det er vår, 
er det framleis litt vinter. 
Merkelig synes legomannen... 

lørdag 22. april 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #112

Legomannen innser at det er svært vanskelig å komme seg gjennom nålauget... 

fredag 21. april 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #111

Ute kom det plutselig litt snø idag. 
Inne oppdaga legomannen at våren var lagt på hylla. 

torsdag 20. april 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #110

Legomannen lengter tilbake til fineværet vi hadde sist veke. Idag hadde han risikert å blåst vekk om han tok turen ut. 

onsdag 19. april 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #109

Tomatplantane veks legomannen langt over haudet. Denne er no ca 9 legomenn høg. 

tirsdag 18. april 2017

mandag 17. april 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #107

Legomannen ser på bilda som blei tatt på turen vår i Nederland for eit år sidan, og lurer på kvifor vi ikkje har ei vindmølle i hagen sidan det ofte er vind her...

søndag 16. april 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #106

Her må det kontrollerast før legomannen tørr å ta seg ein dukkert... 

lørdag 15. april 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #105

Legomannen stiller som badevakt når påskekyllingen vil bade... 

fredag 14. april 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #104

Godt fornøgd med utsikta frå toppen av Valderøya... 

torsdag 13. april 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #103

Avsløring av kva som vart laga på kjøkkenet legomannen forvilla seg inn på i går... 
Makroner med suksesstertesmørkrem. 
Farlig godt ja :) 

onsdag 12. april 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #102

Legomannen har forvilla seg inn på eit fremmed kjøkken og lurer på kva som blir laga her... 

tirsdag 11. april 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #101

Legomannen fann omsider ei lysning i skogen... 

mandag 10. april 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #100

Plutselig befant legomannen seg midt i tettaste bjørkeskogen... 

søndag 9. april 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #99

Nokon har lagt gullegget. Men kven? 

lørdag 8. april 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #98

Legomannen oppdaga ein liten gul "pelsdott" på stua... 

fredag 7. april 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #97

Legomannen måtte sjekke om alt sto bra til på flyplassen. Oppdaga eit ukjent fly, som viste seg å vere eit charterfly som skulle til Gdansk. 

torsdag 6. april 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #96

Legomannen lurer på om gåsungane som har flytta inn på stua kjem til å lære seg å flyge... 

onsdag 5. april 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #95

Legomannen var skuffa over å ikkje sjå kyr etter å ha sett dette skiltet... 

tirsdag 4. april 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #94

Legomannen måtte utforske fontena som plutselig har dukka opp ved siden av løa... 

mandag 3. april 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #93

Legomannen måtte sjekke at eg ikkje tulla når eg sa det var 14grader ute idag. 

søndag 2. april 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #92

På tross av å ha blåst i vatnet minst 5 ganga i forsøket på å få tatt dette bildet, var legomannen like blid... 

lørdag 1. april 2017

Prosjekt 365 - the legoman edition #91

Legomannen studerer tomatplanten mens den veks...