torsdag 24. november 2016

Gøy på landet...

Å bo litt øde har mange fordelar... Ein av dei er at huset ikkje er omringa av gatelys. Dette gir nemleg muligheten til å nyte stjernehimmel og nordlys rett uttafor husveggen, vel og merke når ikkje skyene ødelegg ;) Mandag kveld bestemte nordlyset seg for å danse på himmelen, og eg kunne finne fram canona og berre gå ut og seie WOW! :)



Også min gode Lottapus satt pris på å nyte en uvanlig fin stjernehimmel og nordlysdansen...

tirsdag 15. november 2016

Ut av dvalen...

...Etter snart eit år sidan sist blogginnlegg er det vel på tide å komme ut av dvalen igjen. Canona mi har fått kvile seg litt for mykje dette året, men når eg sjekka minnebrikka var der likevel nokre bilder eg fekk lyst å dele med omverda. 
 Måneskin over sunnmørsfjell...
Fort hjort at kyrne snur rumpa til...
 Into the moonlight...
Ei slik utsikt gir meg ro i sjela... :)