søndag 23. august 2009

siste fergetur...

i alle fall som tenåringsarbeidar i ung misjon...
for deg som ikkje er like van med ferge som meg:
(dette er viktig info å få med seg)
idag slutta eg mi karriere i ung misjon der den starta for 19 månader sidan
- på orreneset.
idag var det nemlig tid for det årlige orrenesstevnet der oppe.
det vart ein nydelig dag blant sunnmørsfjella. enda fleire burde tatt turen til den nydelige plassen og hørt Marit Stokken som talte blant anna om "kampen om tanken"...

under talen på det andre møtet hadde eg ei lita samling med ungane - dvs 4 søte jenter, der vi laga armband og minibibel med Johannes 3,16 i...

for deg som ikkje var på orreneset idag - her skal du få eit lite glimt av den nydelege utsikta du gjekk glipp av:

det fantastisk flotte nysetervatnet med sunnmørsalpar rundt :)

utsikt innover storfjorden på veg heim frå orreneset:
til misjonsfolket som har fulgt med på bloggen vil eg seie takk for forbøn, og takk for meg!
sjølv om det har vore kjekt å jobbe i misjonen, kjenner eg at det no er tid for noko nytt for meg.
som ein av dei eg prata med idag sa, det er ei tid for alt...

ver fortsatt med å be for det viktige arbeidet ung misjon gjer!
og ver med å be for pit-stop som skal vere på valderøya i oktober!
Ha ei velsigna god veke i Guds nærhet!

ps: bloggen kjem til å leve vidare...
her vil framleis kome eit bilde, ein tekst eller ein tanke fra the oddway :)



onsdag 19. august 2009

utsikt fra sjefens kontor...

he du nokken gang lurt på korleis utsikta er frå ungmisjonsjefen sitt kontor?

dei siste vekene har eg vore den einaste frå ung misjon som har vore på jobb, så eg har benytta anledninga til å låne sjefen sitt kontor, sidan det er hakket bedre enn det eg vanligvis skulle brukt... og no skal du få sjå kva kjetil kan sjå om han tek seg ein titt ut vinduet på kontoret sitt:
en ting skal ålesund ha, sjølv om gågata egentlig er død uten så mange butikker, husa er fantastisk vakre! og med blå himmel blir det ekstra flott! :)
fine detaljer på veggen rett overfor vinduet til ungmisjonssjefen, men kva står det egentlig der? BAIS? BALS? BAIJ? BAU?

butikken er borte, men spora frå fortida kan være vanskeleg å skjule:
og til slutt et bilde av utsikta frå godstolen til sjefen. lot meg fascinere av at vindua er plassert så tett i tett og at det er så mange av dei

ha ei fortsatt go og velsigna veke
og ta gjerne turen til orreneset på Orrenesstevne på søndag!
møter kl 11 og 15 der det blir tale ved Marit Stokken

onsdag 5. august 2009

printe, brette, putte...

det er det dei siste dagane mine har vore fyllt med på jobb. det er nemlig tid for å sende ut leirliv og haustpakke til alle laga som er innmeldt i Ung Misjon. så om nokre dagar (eller veker sidan det blir sendt som b-post...) dukkar det kanskje opp noko i postkassa di. det er i allefall 612 heldige mottakarar av leirliv og 72 mottakarar av haustpakken til laga :)

men du treng ikkje vente på å få leirliv i posten før du bestemmer deg for om du vil på leir til hausten. du kan ta en titt på plakaten her:ikkje nøl med å melde deg på, plutselig kan leiren du vil på vere full.

kanskje har du lyst å være med som leiar på ein leir eller to?
du treng ikkje være verken talar eller ha den største leirsjefevna for å vere med som leiar på leir. du treng berre å være gla i Jesus og like å henge med barn og ungdommar. oppgavene som leder på leir kan vere alt frå å stå i kiosk, lede måltid, få barna i aktivitet til å være snusen som sjekkar at det er orden på romma... kanskje har du ein hobby du kan dele med deltakarane på leir? eller likar å spele og lede sang? gi oss ein lyd da viss du vil være med som leiar! :)
på dette bildet ser du ein kneler [Mantis religiosa] frå ukraina
på wikipedia fann eg blant anna denne informasjonen om arten:
"Knelere beveger seg langsomt, de fleste arter er dagaktive, som lever av andre små dyr, mest andre insekter. I angrepsstilling sitter de med brystet hevet og fangbena fremstrakt så de minner om en som ber."
kanskje kan vi lære litt av dei - angrepsstillinga minner om en som ber
kanskje treng vi alle å be litt meir...
så ver med å be for leirane som skal være til hausten, både for deltakarar og leiarar!