søndag 25. oktober 2009

og vips so va pitstop 2009 over...

...men for ei fantastisk helg det he vør! :) sjølv om eg har hatt mykje å gjere har eg kosa meg med det eg har gjort! og arrangementet må seiast å ha gått veldig bra! ca fullsatt bedehus med ungdom på laurdagskvelden, slikt er rett å slett fantastik kjekt!

når vi talarane vart presentert på fredag og skulle fortelle litt om oss sjølve, skulle vi blant anna fortelle ei av våre største tabber - eg klarte dessverre ikkje å kome på noko tabbe å fortelle om der og da, men gjorde ei idag da... skulle nemlig filme ida merethe når ho susa rundt på atv'en på parkeringsplassen; klare du å sjå ho på filmen?

lykkast heldigvis litt bedre med å ta eit bilde av ho!
etter at bedehuset var ferdig rydda, tok eg med meg Karen som var på besøk i helga til ei av kommunas flottaste perler: Alnes! og jepp, østlandsjenta lot seg imponere av denne solnedgangen og landskapet der! :)
takk til alle som har vore innom valderøy bedehus i helga for at dei var med på å gjere helga til det den vart! takk til alle som har bedt for pitstop. Og sist, men ikkje minst, takk til Gud for Hans fantastisk gode nåde og alle velsignelser!

lørdag 24. oktober 2009

pit stop 2009 er igang...

...på valderøy bedehus. og der vil det bli action heile helga, så det er berre til å ta seg ein tur! om du ikkje har mulighet til å komme er det mulig å følge bibeltimane og møta på webradioen til Valderøy bedehus! :)

her ser du bilde av noko av det du gjekk glipp av fredagskvelden:
ida merethe idet ho kjem inn for eit pit-stop
programleiarane klare for pit-stop 2009
laurdag kveld kan du følgje med på Radio Sentrum si sending som er fra Valderøy bedehus, og få eit lite glimt av kva som skjer på pit-stop :) der kan du i følge rykta få med deg fredagens tale også. altso på FM 101 ikveld!

Flott om du husker oss som er med som talarar og leiarar i helga i bønn!

mandag 19. oktober 2009

snart helg igjen...

...og da betyr det at det er pit-stop på valderøya!

nesten skremmande kor fort tida går, med tanke på alle førebuingane som snart må vere på plass. men gler meg også. til å sjå alle som kjem. til å få synge lovsangar i eit bedehus som forhåpentligvis fyllast med ungdommar...

Pit-stop 2009 from Tore Hole Oksnes on Vimeo.

Håpar at du også vil ta turen innom valderøy bedehus denne helga.
Her er eit lite utdrag av programmet:
FREDAG
20.00 Møte v/Oddveig Karin Holmen
22.30 KRIK

LAURDAG
10.30 Bibeltime v/ Odd Arild Sævik
12.00-15.00 Seminar
15.30 Paintball - Film i Fokus - Kreativ verkstad
meir informasjon om aktivitetane og seminara her: http://www.imf-ung.no/pitstop
21.00 Ungdomsmøte v/ Oddveig Karin Holmen
24.00 Gospelnight

SØNDAG
10.30 Bibeltime v/ Odd Arild Sævik
13.30 Avslutningsmøte v/ Oddveig Karin Holmen

Det blir bønnemøte ein halvtime før møta og bibeltimane

Kjekt om nokon huskar helga i bøn også!

mandag 5. oktober 2009

litt å forberede meg til...

om 18 dagar brakar det laust på valderøy bedehus.
pit stop 2009 går av stabelen.

forhåpentligvis fyllast bedehuset med mykje kjekk ungdom denne helga.
på denne videoen får du eit lite glimt av kva som skjer på pit stop, klippa er henta frå fjorårets pit stop på blindheim bedehus.


om du sjekkar programmet på imf.ung.no/pitstop vil du finne navnet mitt på fleire av programpostane. noko som betyr at eg har ein del førebuingar som må gjerast i løpet av dei neste 18 dagane, tankar som må sorterast slik at eg kan formidle det eg skal formidle på ein god måte. ver gjerne med å be for meg i denne tida fram mot pit stop, og for arrangementet!

møta og seminara er åpne for alle!

vil du være med på fotballturnering eller paintball må du melde deg på i forkant...

sjåast vi på valderøy bedehus 23.-25. oktober?