torsdag 3. desember 2009

adventstid og julestri...?

... vel prøver å ikkje bli ramma av julestria. liker ikkje tanken på at jula skal gjer oss stressa, Jesus kom jo faktisk til jorda for å gi oss fred!

julemenn og juledamer, Jesus kom til oss med kjærleik...

nydeleg måneskinn over valderøyfjellet


slutt på arbeid i tunellane, men vips so var det veiarbeid utanfor vinduet mitt

hmm... når eg såg på dette bildet no, begynte eg å tenke på uttrykket "å gå på den smale vei", her blir jo veien smalare... og så er det nokon som arbeider, nokon må gjere ein innsats for at andre skal kunne gå den smale vei. Jesus tok på seg den store jobben - kanskje kan du være med å hjelpe til med å peike på det Han har gjort for oss til nokon denne adventstida og jula!?

håper du kan kjenne at Jesus kom med fred og kjærleik, og ikkje med mas og kjas i jula for 2009 år sidan!

torsdag 12. november 2009

mørke haustkveldar...

...fører meg gjerne inn i det kreative hjørnet.

og i det siste har endelig kreativiteten fått litt spelerom.
min yngste tantunge har blitt ett år, så han måtte få eit heimelaga kort:
Aalesund vann cupfinalen noko som sjølvsagt måtte feirast med gulrotkake:
og så har eg arva nokre fine norgesglass som eg fann ut det var kjekt å putte diverse i og putte på en liten merkelapp, berre for å vere sikker på at det som ser ut som mandlar faktisk er mandlar - ein kan jo aldri være 100% sikker...
håper du også nyt hausten og dei mørke, men koselige kveldane! :)

søndag 25. oktober 2009

og vips so va pitstop 2009 over...

...men for ei fantastisk helg det he vør! :) sjølv om eg har hatt mykje å gjere har eg kosa meg med det eg har gjort! og arrangementet må seiast å ha gått veldig bra! ca fullsatt bedehus med ungdom på laurdagskvelden, slikt er rett å slett fantastik kjekt!

når vi talarane vart presentert på fredag og skulle fortelle litt om oss sjølve, skulle vi blant anna fortelle ei av våre største tabber - eg klarte dessverre ikkje å kome på noko tabbe å fortelle om der og da, men gjorde ei idag da... skulle nemlig filme ida merethe når ho susa rundt på atv'en på parkeringsplassen; klare du å sjå ho på filmen?

lykkast heldigvis litt bedre med å ta eit bilde av ho!
etter at bedehuset var ferdig rydda, tok eg med meg Karen som var på besøk i helga til ei av kommunas flottaste perler: Alnes! og jepp, østlandsjenta lot seg imponere av denne solnedgangen og landskapet der! :)
takk til alle som har vore innom valderøy bedehus i helga for at dei var med på å gjere helga til det den vart! takk til alle som har bedt for pitstop. Og sist, men ikkje minst, takk til Gud for Hans fantastisk gode nåde og alle velsignelser!

lørdag 24. oktober 2009

pit stop 2009 er igang...

...på valderøy bedehus. og der vil det bli action heile helga, så det er berre til å ta seg ein tur! om du ikkje har mulighet til å komme er det mulig å følge bibeltimane og møta på webradioen til Valderøy bedehus! :)

her ser du bilde av noko av det du gjekk glipp av fredagskvelden:
ida merethe idet ho kjem inn for eit pit-stop
programleiarane klare for pit-stop 2009
laurdag kveld kan du følgje med på Radio Sentrum si sending som er fra Valderøy bedehus, og få eit lite glimt av kva som skjer på pit-stop :) der kan du i følge rykta få med deg fredagens tale også. altso på FM 101 ikveld!

Flott om du husker oss som er med som talarar og leiarar i helga i bønn!

mandag 19. oktober 2009

snart helg igjen...

...og da betyr det at det er pit-stop på valderøya!

nesten skremmande kor fort tida går, med tanke på alle førebuingane som snart må vere på plass. men gler meg også. til å sjå alle som kjem. til å få synge lovsangar i eit bedehus som forhåpentligvis fyllast med ungdommar...

Pit-stop 2009 from Tore Hole Oksnes on Vimeo.

Håpar at du også vil ta turen innom valderøy bedehus denne helga.
Her er eit lite utdrag av programmet:
FREDAG
20.00 Møte v/Oddveig Karin Holmen
22.30 KRIK

LAURDAG
10.30 Bibeltime v/ Odd Arild Sævik
12.00-15.00 Seminar
15.30 Paintball - Film i Fokus - Kreativ verkstad
meir informasjon om aktivitetane og seminara her: http://www.imf-ung.no/pitstop
21.00 Ungdomsmøte v/ Oddveig Karin Holmen
24.00 Gospelnight

SØNDAG
10.30 Bibeltime v/ Odd Arild Sævik
13.30 Avslutningsmøte v/ Oddveig Karin Holmen

Det blir bønnemøte ein halvtime før møta og bibeltimane

Kjekt om nokon huskar helga i bøn også!

mandag 5. oktober 2009

litt å forberede meg til...

om 18 dagar brakar det laust på valderøy bedehus.
pit stop 2009 går av stabelen.

forhåpentligvis fyllast bedehuset med mykje kjekk ungdom denne helga.
på denne videoen får du eit lite glimt av kva som skjer på pit stop, klippa er henta frå fjorårets pit stop på blindheim bedehus.


om du sjekkar programmet på imf.ung.no/pitstop vil du finne navnet mitt på fleire av programpostane. noko som betyr at eg har ein del førebuingar som må gjerast i løpet av dei neste 18 dagane, tankar som må sorterast slik at eg kan formidle det eg skal formidle på ein god måte. ver gjerne med å be for meg i denne tida fram mot pit stop, og for arrangementet!

møta og seminara er åpne for alle!

vil du være med på fotballturnering eller paintball må du melde deg på i forkant...

sjåast vi på valderøy bedehus 23.-25. oktober?

mandag 28. september 2009

september når...

... oddveig og ida gjorde ting dei ikkje kan

vi tok oss en båttur i den fantastiske haustsola, men vips så slutta motoren å virke. og ingen av oss var særlig flinke til å ro når det var litt strøm i sjøen...

... anniken fyllte 30 år

og oddveig og ida gjor ting dei ikkje kan, denne gangen va det kakebaking:


men både 1. og 2. utgava av kaka kan vi vere greitt fornøgde med :)


... eg fann ut at oransje gerbera held sej lenger enn gule
håper du har hatt en fin september måned du også!

torsdag 3. september 2009

en herlig kveld...

på tide med ei oppdatering her, så her får du nokken glimt fra fototuren til alnes som eg hadde ikveld :)

det kan virkelig anbefalast å ta seg ein kveldstur til alnes en gang eller to!
Ha ei velsigna god helg! :)






søndag 23. august 2009

siste fergetur...

i alle fall som tenåringsarbeidar i ung misjon...
for deg som ikkje er like van med ferge som meg:
(dette er viktig info å få med seg)
idag slutta eg mi karriere i ung misjon der den starta for 19 månader sidan
- på orreneset.
idag var det nemlig tid for det årlige orrenesstevnet der oppe.
det vart ein nydelig dag blant sunnmørsfjella. enda fleire burde tatt turen til den nydelige plassen og hørt Marit Stokken som talte blant anna om "kampen om tanken"...

under talen på det andre møtet hadde eg ei lita samling med ungane - dvs 4 søte jenter, der vi laga armband og minibibel med Johannes 3,16 i...

for deg som ikkje var på orreneset idag - her skal du få eit lite glimt av den nydelege utsikta du gjekk glipp av:

det fantastisk flotte nysetervatnet med sunnmørsalpar rundt :)

utsikt innover storfjorden på veg heim frå orreneset:
til misjonsfolket som har fulgt med på bloggen vil eg seie takk for forbøn, og takk for meg!
sjølv om det har vore kjekt å jobbe i misjonen, kjenner eg at det no er tid for noko nytt for meg.
som ein av dei eg prata med idag sa, det er ei tid for alt...

ver fortsatt med å be for det viktige arbeidet ung misjon gjer!
og ver med å be for pit-stop som skal vere på valderøya i oktober!
Ha ei velsigna god veke i Guds nærhet!

ps: bloggen kjem til å leve vidare...
her vil framleis kome eit bilde, ein tekst eller ein tanke fra the oddway :)



onsdag 19. august 2009

utsikt fra sjefens kontor...

he du nokken gang lurt på korleis utsikta er frå ungmisjonsjefen sitt kontor?

dei siste vekene har eg vore den einaste frå ung misjon som har vore på jobb, så eg har benytta anledninga til å låne sjefen sitt kontor, sidan det er hakket bedre enn det eg vanligvis skulle brukt... og no skal du få sjå kva kjetil kan sjå om han tek seg ein titt ut vinduet på kontoret sitt:
en ting skal ålesund ha, sjølv om gågata egentlig er død uten så mange butikker, husa er fantastisk vakre! og med blå himmel blir det ekstra flott! :)
fine detaljer på veggen rett overfor vinduet til ungmisjonssjefen, men kva står det egentlig der? BAIS? BALS? BAIJ? BAU?

butikken er borte, men spora frå fortida kan være vanskeleg å skjule:
og til slutt et bilde av utsikta frå godstolen til sjefen. lot meg fascinere av at vindua er plassert så tett i tett og at det er så mange av dei

ha ei fortsatt go og velsigna veke
og ta gjerne turen til orreneset på Orrenesstevne på søndag!
møter kl 11 og 15 der det blir tale ved Marit Stokken

onsdag 5. august 2009

printe, brette, putte...

det er det dei siste dagane mine har vore fyllt med på jobb. det er nemlig tid for å sende ut leirliv og haustpakke til alle laga som er innmeldt i Ung Misjon. så om nokre dagar (eller veker sidan det blir sendt som b-post...) dukkar det kanskje opp noko i postkassa di. det er i allefall 612 heldige mottakarar av leirliv og 72 mottakarar av haustpakken til laga :)

men du treng ikkje vente på å få leirliv i posten før du bestemmer deg for om du vil på leir til hausten. du kan ta en titt på plakaten her:ikkje nøl med å melde deg på, plutselig kan leiren du vil på vere full.

kanskje har du lyst å være med som leiar på ein leir eller to?
du treng ikkje være verken talar eller ha den største leirsjefevna for å vere med som leiar på leir. du treng berre å være gla i Jesus og like å henge med barn og ungdommar. oppgavene som leder på leir kan vere alt frå å stå i kiosk, lede måltid, få barna i aktivitet til å være snusen som sjekkar at det er orden på romma... kanskje har du ein hobby du kan dele med deltakarane på leir? eller likar å spele og lede sang? gi oss ein lyd da viss du vil være med som leiar! :)
på dette bildet ser du ein kneler [Mantis religiosa] frå ukraina
på wikipedia fann eg blant anna denne informasjonen om arten:
"Knelere beveger seg langsomt, de fleste arter er dagaktive, som lever av andre små dyr, mest andre insekter. I angrepsstilling sitter de med brystet hevet og fangbena fremstrakt så de minner om en som ber."
kanskje kan vi lære litt av dei - angrepsstillinga minner om en som ber
kanskje treng vi alle å be litt meir...
så ver med å be for leirane som skal være til hausten, både for deltakarar og leiarar!

onsdag 29. juli 2009

tilbake etter 4 veker herlig ferie...

omsider tilbake på jobb etter 4 veker med ferie.

avslutta ferien med ei veke i ukraina der eg var med på ungdomstur med Emanuel hjelpende hender. ungdommar frå norge, polen og arizona fekk vere med på å bygge Guds rike i ukraina gjennom evangelisering/bibelutdeling, lemping av hjelpesending som den lokale kirka skal stå for utdeling av, bæring av murstein som skal bli til ein barneheim, besøk hos og utdeling av mat til fattige, besøk på ein sommercamp for barneheimsbarn, møter og sosialisering.
her får du nokre glimt frå ukraina:
og sekken den skal vandre fra den ene til den andre
hjelpende hender - blir skitne
ein må av og til rive ned for å bygge opp

nye mursteina må berast til byggeplassen
bading i Svartehavet
besøk hos Helena rånete Lada

Ha ei fin veke!

fredag 10. juli 2009

i stillhet...

...og tillit skal eders styrke være.
Jesaja 30, 15
"Den åpne himmel oppleves bare av den sjel som har lært å bli stille hos ham.
Din travelhet, din mangel på stillhet, er årsaken til ditt slette og fattige kristenliv."
Sitat fra "Stille stunder på veien hjem" av H.E.Wisløff
(andaktsbok fra 1952, 22.opplag i 1989)

En meget klar tale. Nesten en smule dømmende. Eg ville nok ikkje sagt det like krast. Helst putta inn eit kanskje. Men kvifor ville eg det? Det er jo sant som Wisløff skriv, mangel på stillhet og tid med Gud påvirka kristenlivet mitt. Korleis kan eg forvente at Gud skal gi meg styrke og rettledning om eg ikkje tek med tid til å ta imot og vente på svar?
Eg kjenner meg truffet.
Stillhet er godt, men gjer meg samtidig rastlaus.
Tenk om eg går glipp av noko.
Men tenk om eg går glipp av noko Gud vil seie meg i all min travelhet og mangel på stillhet.

Eg er redd for å være like direkte som Wisløff fordi eg ikkje vil framkalle dårlig samvittighet hos nokon. Men da lar eg samtidig kanskje muligheten til å sjå forandringar passere. For eg trur at vi blir forandra når vi brukar tid med Gud. Han får ein sjanse til å påvirke oss og liva våre, korleis vi lever og ser på andre og oss sjølve.

Det er ferietid. Vi bør ha bedre tid enn ellers til å være stille med Gud. Men det er så mykje vi vil ha gjort, så mange opplevingar vi vil ha med oss, ferieminner og bilder som skal skapast...Men eg håpar at du og eg kan huske at:
"I stillhet og tillit skal deres styrke være!"
Så kanskje vi får ferieminner som varer evig!
Nei, la meg rette meg sjølv;
så får vi ferieminner som varer evig!
(ikkje noko kanskje her....)

tirsdag 23. juni 2009

du e Gud's mesterverk

husk på at du e Gud's mesterverk! kanskje treng du at Han jobba litt me dej, men du e like fullt Hans mesterverk!


ha ei velsigna veke!

snart ferie, men først: jenteleir...

på fredag va ej på premiera av årets utgave av "giskespelet". e imponert av dei mange lokale skuespillerane, moro å sjå nokken av leirungane som ej he truffe på i løpet av tida i Ung Misjon i aksjon også! :) her får du et lite glimt av kossn d såg ut på scena i giske amfi dinna kvelden.
snart e det ferie og ej håpe ej får nyte mange flotte sommerkvelda som dinna:
men før ej kan ta ferie skal ej på jenteleir
temaet ej ska snakke om i bibeltimane e "jenter i Bibelen".
ellers blir det i år som i fjor GPA (great puzzle adventure) der jentene ska samle puslebrikka gjennom ulike aktiviteta kvar dag slik at dei kan pusle sammen et puslespill... ej he no pusla alle puslespilla sånn ej kan garantere for at alle brikkane e på plass :)

ver gjerne med å be for leiren og at oss jentene so ska på leir må få bli bedre kjent med både jenter i Bibelen og Jesus!

lørdag 13. juni 2009

twitre eller ikkje twitre...

ikkje fullt så overbevist som ungmisjonsjefen om at twitter er det store, men nokken he vertfall klart å lage en småvittig video om fenomenet:

men kanskje ej heller skulle slått mej på "flutter", ligge et hakk foran ungmisjonsjefen?


ha ei flutrende tvitrende helg! :)

tirsdag 9. juni 2009

herlig følelse av sommer...

dei siste dagane he vi vør velsigna me deilig vær igjen... og slikt resultera fort i tura ut i naturen. her får du nokken glimt fra turane dei siste dagane:
rett å slett nydeligkjekt å ta bilde av sola gjennom hullet på ei rusta tønne
ej og ida vart inspirert til å ta med oss teltet og overnatte på fjellet
(takk til Alice som lar meg låne teltet mens ho e i Nepal!)
gleda meg til dissa bæra bli raude og gode:Ha ei velsigna go veke!

Minne om sommerpartyet som skal ver på Sagabu no på søndag kl 17 for dei som he vør ledera på Brusdalsheimen eller Orreneset i løpet av det siste året, eller som he lyst å ver d i framtida.
Meld deg på til meg viss du vil ha grillmat! :)