Da var det på tide å presentere nokre fleire middagsrettar elevane mine har bestemt eg skulle lage.
Det første eg laga var kylling-fajitas;
Ein skikkelig deilig middag! :)
Ein skikkelig deilig middag! :)
Neste rett ut var den samiske retten bidos.
Hadde dårlig tilgang på skikkelig reinkjøtt, så det vart reinskarv i staden.
Måtte finne fram den samiske nålputa frå farmor for å få litt stemning.
Ein god rett, men hadde nok blitt endå betre med skikkelige kjøtbitar. :)
Så var det tid for "fisk er sunt og digg" igjen....
Fiskelykka var ikkje på plass denne dagen, men heldigvis finst det fisk i frysedisken på butikken...
Ei skikkelig god fiskesuppe! :)
Etter jordskjelv og tsunami, og mykje fokus på Japan i media i det siste - var det også på tide å prøve seg på sushi...
Den såg no i det minste litt fin og god ut...
Meeeen..... kan avsløre at det kanskje ikkje er noko eg vil lage fleire gongar....