torsdag 3. desember 2009

adventstid og julestri...?

... vel prøver å ikkje bli ramma av julestria. liker ikkje tanken på at jula skal gjer oss stressa, Jesus kom jo faktisk til jorda for å gi oss fred!

julemenn og juledamer, Jesus kom til oss med kjærleik...

nydeleg måneskinn over valderøyfjellet


slutt på arbeid i tunellane, men vips so var det veiarbeid utanfor vinduet mitt

hmm... når eg såg på dette bildet no, begynte eg å tenke på uttrykket "å gå på den smale vei", her blir jo veien smalare... og så er det nokon som arbeider, nokon må gjere ein innsats for at andre skal kunne gå den smale vei. Jesus tok på seg den store jobben - kanskje kan du være med å hjelpe til med å peike på det Han har gjort for oss til nokon denne adventstida og jula!?

håper du kan kjenne at Jesus kom med fred og kjærleik, og ikkje med mas og kjas i jula for 2009 år sidan!

Ingen kommentarer: