onsdag 29. juli 2009

tilbake etter 4 veker herlig ferie...

omsider tilbake på jobb etter 4 veker med ferie.

avslutta ferien med ei veke i ukraina der eg var med på ungdomstur med Emanuel hjelpende hender. ungdommar frå norge, polen og arizona fekk vere med på å bygge Guds rike i ukraina gjennom evangelisering/bibelutdeling, lemping av hjelpesending som den lokale kirka skal stå for utdeling av, bæring av murstein som skal bli til ein barneheim, besøk hos og utdeling av mat til fattige, besøk på ein sommercamp for barneheimsbarn, møter og sosialisering.
her får du nokre glimt frå ukraina:
og sekken den skal vandre fra den ene til den andre
hjelpende hender - blir skitne
ein må av og til rive ned for å bygge opp

nye mursteina må berast til byggeplassen
bading i Svartehavet
besøk hos Helena rånete Lada

Ha ei fin veke!

1 kommentar:

Rannveig sa...

Oj, spennende! Gleder meg til å høre meir!!!