søndag 23. august 2009

siste fergetur...

i alle fall som tenåringsarbeidar i ung misjon...
for deg som ikkje er like van med ferge som meg:
(dette er viktig info å få med seg)
idag slutta eg mi karriere i ung misjon der den starta for 19 månader sidan
- på orreneset.
idag var det nemlig tid for det årlige orrenesstevnet der oppe.
det vart ein nydelig dag blant sunnmørsfjella. enda fleire burde tatt turen til den nydelige plassen og hørt Marit Stokken som talte blant anna om "kampen om tanken"...

under talen på det andre møtet hadde eg ei lita samling med ungane - dvs 4 søte jenter, der vi laga armband og minibibel med Johannes 3,16 i...

for deg som ikkje var på orreneset idag - her skal du få eit lite glimt av den nydelege utsikta du gjekk glipp av:

det fantastisk flotte nysetervatnet med sunnmørsalpar rundt :)

utsikt innover storfjorden på veg heim frå orreneset:
til misjonsfolket som har fulgt med på bloggen vil eg seie takk for forbøn, og takk for meg!
sjølv om det har vore kjekt å jobbe i misjonen, kjenner eg at det no er tid for noko nytt for meg.
som ein av dei eg prata med idag sa, det er ei tid for alt...

ver fortsatt med å be for det viktige arbeidet ung misjon gjer!
og ver med å be for pit-stop som skal vere på valderøya i oktober!
Ha ei velsigna god veke i Guds nærhet!

ps: bloggen kjem til å leve vidare...
her vil framleis kome eit bilde, ein tekst eller ein tanke fra the oddway :)



Ingen kommentarer: