mandag 5. oktober 2009

litt å forberede meg til...

om 18 dagar brakar det laust på valderøy bedehus.
pit stop 2009 går av stabelen.

forhåpentligvis fyllast bedehuset med mykje kjekk ungdom denne helga.
på denne videoen får du eit lite glimt av kva som skjer på pit stop, klippa er henta frå fjorårets pit stop på blindheim bedehus.


om du sjekkar programmet på imf.ung.no/pitstop vil du finne navnet mitt på fleire av programpostane. noko som betyr at eg har ein del førebuingar som må gjerast i løpet av dei neste 18 dagane, tankar som må sorterast slik at eg kan formidle det eg skal formidle på ein god måte. ver gjerne med å be for meg i denne tida fram mot pit stop, og for arrangementet!

møta og seminara er åpne for alle!

vil du være med på fotballturnering eller paintball må du melde deg på i forkant...

sjåast vi på valderøy bedehus 23.-25. oktober?

1 kommentar:

janneke sa...

Reklame videoen var stilig, kjente fjes var med..