søndag 25. oktober 2009

og vips so va pitstop 2009 over...

...men for ei fantastisk helg det he vør! :) sjølv om eg har hatt mykje å gjere har eg kosa meg med det eg har gjort! og arrangementet må seiast å ha gått veldig bra! ca fullsatt bedehus med ungdom på laurdagskvelden, slikt er rett å slett fantastik kjekt!

når vi talarane vart presentert på fredag og skulle fortelle litt om oss sjølve, skulle vi blant anna fortelle ei av våre største tabber - eg klarte dessverre ikkje å kome på noko tabbe å fortelle om der og da, men gjorde ei idag da... skulle nemlig filme ida merethe når ho susa rundt på atv'en på parkeringsplassen; klare du å sjå ho på filmen?

lykkast heldigvis litt bedre med å ta eit bilde av ho!
etter at bedehuset var ferdig rydda, tok eg med meg Karen som var på besøk i helga til ei av kommunas flottaste perler: Alnes! og jepp, østlandsjenta lot seg imponere av denne solnedgangen og landskapet der! :)
takk til alle som har vore innom valderøy bedehus i helga for at dei var med på å gjere helga til det den vart! takk til alle som har bedt for pitstop. Og sist, men ikkje minst, takk til Gud for Hans fantastisk gode nåde og alle velsignelser!

Ingen kommentarer: