torsdag 10. februar 2011

En annaleis burgeropplevelse...

Idag fekk elevane mine i oppgåve å velge ut ei oppskrift i eit hefte om fisk, og rekne om ingrediensane slik at det passa for ein person i staden for fire... For å gjere dei litt meir motiverte sa eg at dei skulle skrive oppskriftene dei no fekk på eit ark til meg, slik eg kunne lage det til middag. Vips så var middagen for 4 dagar planlagt for meg!

Måtte ta loddtrekning for å bestemme rekkefølga på middagane, og idag var det lakseburger som vart trekt ut til å stå på menyen, og her ser du resultatet:

Ingrediensane klare for tilberedningaLaksedeigen klar for å blandast (100g finhakka laksefilet/kotelett, 1/4 ts salt, 1/4 ts pepper, 1/2 ss grasløk, 1/2 ts potetmjøl, litt sitronsaft)Burgeren vert stekt (ca 2 minutt på kvar side)Ferdig tilberedt med lunkne burgerbrød, salat, agurk, tomat og rømmedressingOg JA, lakseburger var fantastisk godt! Anbefalast!
Eg kjem til å lage det igjen! :)

1 kommentar:

Rannveig sa...

Hm, såg meeeget godt ut.. Skal tru om eg får mine 4 "barn" til å ete noko slikt! Trur jammen det er verdt eit forsøk! Venter spent på dei neste 3 dagane!!