lørdag 19. februar 2011

Fisk er sunt og digg....

... er vel egentlig "frukt er sunt og digg" det heiter i reklama, men fisk er også sunt og digg.

Har prøvd ut dei tre andre rettane elevane mine valgte ut at eg skulle ha til middag den siste veka. Den eine retten laga eg faktisk to dagar på rad! :)

Fredag var det "Torsk i ovn" som sto på menyen.
Ingrediensane er på plass:Det ferdige resultatet etter ein tur i ovnen...
Servert med ris vart dette kjempegodt!

Mandag var det "Pirat pizza" som skulle testast ut.
Må innrømme at eg var ein smule skeptisk til fisk på pizza....Slik såg den ferdigstekte pizzaen ut.
Og den er absolutt til å anbefale!
Var så godt og kjapt å lage at eg måtte lage det på tirsdagen også!!!

Til slutt var det fiskesuppe med fiskepudding og reker i som skulle testast ut.
Eg er ikkje noko suppemenneske, men sjå på denne da:
Skikkelig god var den! :)

Så er nok ikkje siste gong eg lagar desse rettane her. Og anbefalar deg også til å prøve dei ut! :)

1 kommentar:

Rannveig sa...

Å få min 4 "små" til å ete fiskepizza blir ei utfordring, men send over oppskriftene da!! Så skal eg prøve å rekne dei om til 5 personar :) :)