lørdag 30. oktober 2010

tida går...

Skammeleg lenge sidan sist eg skreiv her no. Beklager til alle som har vore innom i forhåpning om at det har komt ei oppdatering...

Men her kjem nokre glimt frå kva som har skjedd dei siste månadane:

Huset må Giske har blitt tømt, og mamma arva nokre soveromsmøblar som eg sa eg ville pusse opp for ho. Lite ante eg om kor mange timar eg ville bruke på dette arbeidet, og er ikkje heilt ferdig med alle møblane enda...

Før - ganske so slitt og klar for en puss...
Undervegs - ein del sparkling måtte til på desse flekkane som vart etter eg hadde skrapa av laus maling...
Etter - resultatet var ganske greit når dei hadde fått eit til strøk etter dette bildet vart tatt

Eg er framleis lærar, og her ser du nokon blinkskot som eg har fått tatt i arbeidstida. Skal leite lenge etter finare omgivelsar til ein skule! :)
Ein heilt vanleg dag på jobb - nydeleg på tur i Sandvika
Ein annan dag var vi ute og laga smør ved å riste fløyte tilsatt litt salt i eit glas


Har også begynt å prøve fiskelykka.
Vart litt irritert på denne stakkaren som hoppa av kroken i sjøkanten, for å ligge der å dø...
Men kameraten hans smakte utruleg godt til middag sånn ca ved midnatt ein laurdags kveld!
I haustferien var eg ein tur til Oslo.
Og der tok eg dette "blinkskotet" av eit haustbilde.
Overlet til fantasien din å tenke kva dei brune kulene er...

Ha ein fortreffeleg haust vidare!
Snart kjem vintaren.

mandag 12. juli 2010

ikkje akkurat sikk sakk...

...det let seg nemleg ikkje gjere å få til på ei gamal sveivesymaskin, men rett fram syr den i alle fall.

og no er eg ferdig med det første syprosjektet mitt som er sydd av ei dongeribukse og eit skjørt.

siste finish på verket:
og resultatet:
ein kjole/topp til ei lita jente

Ha ein fortsatt fin sommar! :)

tirsdag 6. juli 2010

lang sommerferie...

i år har eg noko så sjeldan som 8 veker ferie midt på sommaren! fint å være lærar må eg seie! :)

8 veker til å gjere alt eg elles ikkje rekk å gjere.
som for eksempel å stikke på besøk til venninner og bli inspirert til å begynne å sy...
sist veke var eg på besøk hos Ingrid som hadde sydd ei søt bukse til sønnen sin - og måtte rett heim og bestille boka ho hadde funne oppskrifta i.
ikveld har eg funne fram symaskina til mormor og testa om den virka - og ja, det gjer den!
har også funne fram ein stabel med gamle dongeribukser, så får vi sjå kva dette kan bli til etterkvart! :) håper å kunne oppdatere bloggen med bilde av noko eg har sydd om ikkje så altfor lenge :)

torsdag 27. mai 2010

morfaren min...

Morfar er den kjekke karen nr 2 frå høgre :)

Om morfar hadde levd, ville vi feira 102års dagen hans idag, men han forlot dinna jord for 20år og en dag sia.

Men en ting er eg glad for, og det er at morfar etterlot seg et tydelig spor kvar han gjekk fra denne jorda. I siste andakta han viste ved å ha satt en dato i andaktsboka at han las før han døde, sto følgende bibelvers:
For meg er livet Kristus, og døden en vinning. (Fil 1,21)

Eg husker ikkje så mykje fra tida morfar levde, men eit koseleg minne er at eg alltid sprang foran og plukka tusenfrydane på plenen når han skulle slå graset.Takk Gud for at eg 20 år etter morfar døde kan få vite at for han var livet Kristus og døden ei vinning! La meg alltid få huske på det når eg ser ein tusenfryd og tenker på morfar :)


tirsdag 25. mai 2010

berre skrot, eller...

Skrot, tenkte tantene. Gull, tenkte Oddveig.

Dei siste to månedane har eg brukt mykje tid i mormors hus. Det er i ferd med å tømmast.
Dessverre.
Det har vore den plassen eg har nytt mest å kunne reise til.
Huset med mange gode ferieminner.
Huset der eg har kunna slappa heilt av, og kobla ut omverdenen.
Huset der eg har kunne bladd i mormor og morfar sine gamle andaktsbøker og sangbøker, og sett kva som har betydd mykje for dei opp gjennom åra. Snart er mulighetene for å reise dit borte.

Men. Prøver å ta vare på dei gode minna.
Ei hjelp der er å ta vare på nokre av tinga...
Og akkurat det er eg ganske så flink til.
"Skrot tenkte tantene. Gull, tenkte Oddveig" er vel ganske dekkande for det som har skjedd den siste tida. Så leiligheta mi har blitt fylt opp av ganske mykje gammalt. Endelig har eg den gamle stilen eg ønsker meg i leiligheta, og det fine er at prislappen er kun kr 300,- i leige av en henger for å frakte nokken av tinga :)

Her skal du få sjå litt av det som eg har sett på som gull:
koselige gamle kjøkkenting

en lampe, et fat, serviettringa og glas

klar for besøk

ei gammal klokke (som kima litt for høgt til at eg tørr å la den gå),
et 3D-kamera fra 50-talet og fotoapparat fra ca 1920

en gammal slitt benk vart en ganske så perfekt tv-benk syns eg

og alle desse gamle bøkene er rett å slett berre fine i hylla

men det står sikkert mykje lurt i dei også :)


En haug med skrot, eller gull?
Eg veit vertfall at det er ting som gjer at eg smiler når eg kjem inn i stua mi. :)

søndag 21. mars 2010

a lovely day....

Bibel, Jesus, sol, kaffe og kvikk lunsj. alt låg til rette for at dette skulle bli ein herleg dag. og det vart det. dagen har stort sett blitt tilbrakt ute i frisk luft, så no kjenner eg at kinna er gode og raude :)

Er takknemlig til Gud for at Han snakker til meg gjennom ordet sitt, og at Han gir meg flotte dagar som idag! Ein dag då eg kan berre slappe av, nyte livet, nyte den fantastiske naturen - kjenne at Gud er god.

Her er nokre glimt frå dagen:
en kopp kaffe, blå himmel og sol - i'm loving it!
smak og sjå at Herren er god!

har blitt 30 år, kanskje eg skulle tatt meg eit ku(r)bad?
spor etter den forsvunne sauen...
en engel med brukne vinger søker Gud igjen.
det er ikkje alltid ting går som vi tenker, vi roter det til. men vi kan alltid gjere som denne engelen, søke inn til Gud igjen...
tilbake til naturen?
kanskje har kua som ga melk til denne kartongen beita her?
spor av vintertrudde det låg store steinar på enga, men...det var visst ein sau eller ti som gikk å beitagjekk forbi ein gammal låve der det sto ein sametraktorkva gjer du når Jesus står og ringer på døra di,
og vil dele ein kvikk lunsj frå Ordet sitt med deg?


åpnar du opp?
eller sikrar du døra med lenke?
Vel, eg håpar du åpnar opp så du kan smake og kjenne at Herren er god!

Ha ei velsigna god veke!
Og befinn du deg i nærheten av Godøya anbefaler eg å ta turen på bedehuset ein kveld eller seks i løpet av veka! :)
Frå tirsdag til søndag skal nemleg IUF ha møteveke med Tor Ingvald Lauvrak





lørdag 27. februar 2010

vinterferie...

... vips så hadde eg visst blitt lærer sidan sist eg oppdaterte bloggen. og som lærer er det visst noko som heiter vinterferie :) og det er jo en fin ting. har endelig vore ute på tur igjen. denne ferien gjekk til bjorli og oslo.

i oslo datt eg inn i den gode gamle "filosofere-på-banen"-modusen... og under bilda kan du lese nokre tankar frå ein tur heim fra sentrum :)

vart rett å slett gla av å sjå på dinna lampen, så måtte ta et bilde :)
ditta mønsteret i et vindu i en trappeoppgang gjorde meg også glad :)
oslo by night, sett fra tveita

T-banetur nr seks idag. føler jeg har tjent penger for hver tur. kjøpte dagskort, så får jo bare mer og mer for pengene.
sitter med en deilig take-away kaffe i hendene. ser på menneskene rundt meg. hvem er de? hvor kommer de fra? hvor skal de?
"neste stasjon: grønland"
noen går av, andre kommer på. en mann står på perrongen, lener seg til veggen og leser i en bok. damen rett ovenfor meg tar opp et brev fra posen sin. hva står det der? mennesker skjules bak store vinterjakker, luene er trekt godt ned. hva tenker alle disse menneskene på?
"dørene lukkes!"
banen kjører videre til neste stasjon.
omsider er jeg fremme der jeg skal av. hva har folk rundt meg rukket å tenke om meg? den unge kvinnen med take-away kaffe i hånden, og luen godt trukket ned...

deilig å rusle i snøen i vinterbyen oslo. kjenne kulden ta tak i nesen. oppdager en fascinerende lampe i et vindu. må stoppe opp å se litt på den. rusler videre, og tenker på at jeg er glad jeg ikke bor i "utstillingsvinduene" som stuene i blokken jeg passerer er. en ung mann står på kjøkkenet sitt og drikker siste rest fra en stor brusflaske. en mann sitter i en stol og ser på ham.

kjenner gleden over denne dagen i oslo. gleden over å treffe mennesker jeg er glad i, men sjelden ser. gleden av å kjenne på det urbane livet, sitte på t-banen og finne hvilepulsen igjen. gleden over å ha gjort et kupp på en platebutikk - tre filmen og en cd for kr 220,-

vel, det er deilig å være sunnmøring i oslo - sånn innimellom :)

torsdag 3. desember 2009

adventstid og julestri...?

... vel prøver å ikkje bli ramma av julestria. liker ikkje tanken på at jula skal gjer oss stressa, Jesus kom jo faktisk til jorda for å gi oss fred!

julemenn og juledamer, Jesus kom til oss med kjærleik...

nydeleg måneskinn over valderøyfjellet


slutt på arbeid i tunellane, men vips so var det veiarbeid utanfor vinduet mitt

hmm... når eg såg på dette bildet no, begynte eg å tenke på uttrykket "å gå på den smale vei", her blir jo veien smalare... og så er det nokon som arbeider, nokon må gjere ein innsats for at andre skal kunne gå den smale vei. Jesus tok på seg den store jobben - kanskje kan du være med å hjelpe til med å peike på det Han har gjort for oss til nokon denne adventstida og jula!?

håper du kan kjenne at Jesus kom med fred og kjærleik, og ikkje med mas og kjas i jula for 2009 år sidan!

torsdag 12. november 2009

mørke haustkveldar...

...fører meg gjerne inn i det kreative hjørnet.

og i det siste har endelig kreativiteten fått litt spelerom.
min yngste tantunge har blitt ett år, så han måtte få eit heimelaga kort:
Aalesund vann cupfinalen noko som sjølvsagt måtte feirast med gulrotkake:
og så har eg arva nokre fine norgesglass som eg fann ut det var kjekt å putte diverse i og putte på en liten merkelapp, berre for å vere sikker på at det som ser ut som mandlar faktisk er mandlar - ein kan jo aldri være 100% sikker...
håper du også nyt hausten og dei mørke, men koselige kveldane! :)

søndag 25. oktober 2009

og vips so va pitstop 2009 over...

...men for ei fantastisk helg det he vør! :) sjølv om eg har hatt mykje å gjere har eg kosa meg med det eg har gjort! og arrangementet må seiast å ha gått veldig bra! ca fullsatt bedehus med ungdom på laurdagskvelden, slikt er rett å slett fantastik kjekt!

når vi talarane vart presentert på fredag og skulle fortelle litt om oss sjølve, skulle vi blant anna fortelle ei av våre største tabber - eg klarte dessverre ikkje å kome på noko tabbe å fortelle om der og da, men gjorde ei idag da... skulle nemlig filme ida merethe når ho susa rundt på atv'en på parkeringsplassen; klare du å sjå ho på filmen?

lykkast heldigvis litt bedre med å ta eit bilde av ho!
etter at bedehuset var ferdig rydda, tok eg med meg Karen som var på besøk i helga til ei av kommunas flottaste perler: Alnes! og jepp, østlandsjenta lot seg imponere av denne solnedgangen og landskapet der! :)
takk til alle som har vore innom valderøy bedehus i helga for at dei var med på å gjere helga til det den vart! takk til alle som har bedt for pitstop. Og sist, men ikkje minst, takk til Gud for Hans fantastisk gode nåde og alle velsignelser!